Det skal eit særleg talent til for å engasjera publikum i historier som vi instinktivt forstår kjem til å enda dårleg, og som i tillegg har ein manisk og uføreseieleg hovudperson som nær driv oss til vanvit. Filmskaparane Benny og Josh Safdie har dette talentet, noko dei viste i gjennombrotsfilmen «Good Time» (2017), og noko dei stadfestar i den Independent Spirits-vinnande «Uncut Gems»: Den tragikomiske forteljinga om den spelegale gullsmeden Howard Ratners (Adam Sandler) vekst og fall.