Stortingsrepresentant Kari Elisabeth Kaski verkar stort sett å vera einig med meg i svarinnlegget sitt 5. februar. Me er einige om at høgrepopulistar er eit problem. Det ser også ut som me er einige om at venstresida i Storbritannia burde ha stilt seg i spissen for kravet om utmelding av EU, og ikkje ha overlate det rommet til høgresida. Det er bra! Mykje av det ho skriv, kan eg ikkje sjå at er ein kritikk av kommentaren min 3. februar.