MOT VERDA: Honnørordet ‘progressivt’ passar dårleg på kva Boris Johnson og venane hans står for, skriv innleggsforfattaren.
FOTO: JEREMY SELWYN, AP/NTB SCANPIX MOT VERDA: Honnørordet ‘progressivt’ passar dårleg på kva Boris Johnson og venane hans står for, skriv innleggsforfattaren.
FOTO: JEREMY SELWYN, AP/NTB SCANPIX
«Ei ny tid i emning», er tittelen på ein kronikk i avisa 1. februar av Halvor Fjermeros, om ei ny tid etter at britane har meldt seg ut. I same retning går debattinnlegget «Katten og musa» 3. februar av Kari Fjørtoft. Om eg forstår forfattarane rett, er dei på linje med den opportunistiske engelske pappagut og statsminister Boris Johnson. Han har med «tydelighet og tempo» klart å «presse Brussel», og England kan no slute seg til dei progressive patriotane rundt omkring som ikkje liker EU.