Statens pensjonsfond utland 21. juli
Politikarane sin private sparekonto Skattekommisjonen sitt framlegg er dyster lesnad for alle som har levd eit langt liv i vanlege, tunge yrke. Framlegget om å heve aldersgrensa for skattefrådraget for pensjonistar og innføre formuesskatt på framtidig, låst pensjonsopptening er ei økonomisk tommeskrue mot arbeidsfolk. Med eit magisk pennestrøk blir lågtlønte slitarar gjorde til «millionærar på papiret», berre for at staten skal kunne flå dei for tusenvis av kroner før dei i det heile har fått utbetalt ei einaste krone.
Argumentet frå Ap og Høgre er det same gamle: «Vi må sjå på heile biletet.» Men deira heilskap betyr i praksis at dei som har minst, skal betale mest. Dei krev at reinhaldarar, helsefagarbeidarar og industriarbeidarar skal stå i jobb til dei blir uføre, eller godta ein mager minstepensjon det ikkje går an å leve av.
Dette er ei moralsk fallitterklæring. Kvart einaste år overfører staten milliardar av kroner frå avkastninga til Oljefondet inn i statsbudsjettet – heilt innanfor handlingsregelen. Striden står difor ikkje om vi skal puste liv i ein uansvarleg oljepengebruk som pressar opp renta.
Erling Pedersen