Dagboka

Iran

  • For nokre år sidan kom eg til fots over grensa frå Armenia til Iran. Ein stad i den store sekken, hadde eg ei flaske brandy frå Stepanakert i Nagorno-Karabakh. Ei gåve eg skulle ha med heim til ein kamerat som ein suvenir. Og alkohol er ikkje lov i det prestestyrte Iran. Det kom eg på då eg stod der på grensa og la sekken min på ein stor skannar, slik dei skannar bagasjen når du skal på flyet.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Dagboka

Taletid

Stavanger Aftenblad har telt opp kor mange gongar representantane i bystyret i Stavanger har vore på talarstolen i år og har avdekka store forskjellar mellom politikarane. Kort oppsummert viser oppteljinga: I gjennomsnitt er 38 av 67 bystyremedlemmar på talarstolen i kvart møte, tre politikarar frå Raudt, MDG og Venstre har halde flest innlegg, mens elleve politikarar ikkje har halde innlegg i år. Statsvitar Svein Tuastad ved Universitetet i Stavanger tar til orde for å slanka bystyret. Bystyret i Stavanger er stort samanlikna med mange andre kommunar. Men er taletid eit godt mål for korleis bystyret bør dimensjonerast? Bystyresalen vitnar om representasjon. Om Ap i Stavanger helst sender den karismatiske gruppeleiaren på talarstolen, mens fem andre Ap-politikarar har blitt sittande i ro, så er vel ikkje det nødvendigvis eit problem? Det kan vel tenkast at dei fem «tause» politikarane har andre kvalitetar som ei bystyregruppe også bør ha? Forhåpentlegvis gir dei stille politikarane innspela sine i andre kanalar og fora. Å vera bystyrerepresentant handlar om meir enn å gi frå seg innlegg og replikkar i bystyresalen ein gang i månaden. Stavanger er nyleg slått saman med Finnøy og Rennesøy.

Målrettet

Forslaget om aldersgrense på sosiale medier skal bli «mer målrettet», skrev regjeringen i en pressemelding i går. Det vil si at spill og meldingstjenester også kan rammes av 16-årsgrensa, ikke kun sosiale medier. Spørsmålet om hvordan aldersgrensa skal håndheves, forblir ubesvart. Eller, faktaboksen i pressemeldingen svarer kanskje på det: «Det skal være opp til tilbyderne å finne gode løsninger for aldersverifisering.» Med andre ord skal selskapene – som eier og tjener på plattformene regjeringen anser som såpass skadelige at det trengs lovendring – få ansvaret og tilliten til å håndheve forbudet. Aldersverifisering skal oppfylle personvernkrav, står det videre. Skal også det være opp til tilbyderne å finne gode løsninger for? I Australia, det første landet til å innføre aldersgrense, finnes det flere løsninger. Ved ID-verifisering skanner plattformene passet til brukerne for å verifisere alder.

KI, du?

Hva driver utviklingen av kunstig intelligens (KI), og byggingen av datasentre Norge rundt? Du. Det inntrykket skapes i en NRK-artikkel som inneholder tvilsomme påstander. Det hevdes at «alle» vil ha KI, mange bruker det «nærmest hemningsløst», og «vår egen bruk av KI [har] mye av skylda for disse datasentrene». De to første påstandene mangler kildebelegg, og den siste «bekreftes» av daglig leder i Norsk datasenterindustri. Det er som å spørre en pølsemaker om han tror folk vil ha pølser. Det er riktig at bruken øker. Ifølge SSB har 69 prosent mellom 16 og 79 år brukt KI. Det er ikke «alle», selv ikke gjengitt med hermetegn.