TANKAR

Mektige metaforar

Knut Løvås (illustrasjon)

Når nye rammer skapar ny innsikt.

Mange av vanskane me opplever, er eit resultat av at det låser seg i oss når det gjeld måten me oppfattar omverda på. Dette gjeld òg korleis me ser oss sjølve og vår rolle i verda. Stereotypiar, fastlåste idear og rigide tankemønster er det lett å forstå kan hemma evna til å endra perspektiv og å sjå nye løysningar, men òg heilt vanlege, tillærte oppfatningar som har fungert for oss over tid, er vanskelege å endra på. Ofte ser me jo ikkje sjølv at det er her vanskane sit, og oppfattar ikkje at endringar på dette planet er ønskelege.