Sparken

  • No er det vinter att. Like sikkert som giftlokket legg seg over Danmarks plass i Bergen, er vintermånadane tida for gje ei utskjelt og hylla yrkesgruppe sparken på dagen: Fotballtrenarane. Dei har god løn og får jobbe med det dei helst vil, så ingen skal seie at dei har det vondt, samanlikna med dei som verkeleg slit. I Noreg er sesongen over og jaktsesongen i gang. Rosenborg-trenar Erik Horneland har balansert på ein knivsegg, og det brenner under føtene på Brann-trenar Lars Arne Nilsen og Simo Valakari i Tromsø. Lillestrøm har alt betalt Jörgen Lennartsson halvannan million kroner for å gå frå jobben. Eg hadde takka ja.

Dagboka