Mange kreative påfunn, men framsyninga kjem aldri heilt i mål.

På kvitt papir

GIFTARMÅL: Pynta i papir blir det gjort klårt til bryllaup. FOTO: BENGT WANSELIUS Bengt Wanselius

William Shakespeares komediar var folkelege lystspel, fulle av enkel og lettfatteleg humor, språklege gags, og forviklingar og forvekslingar ut i det absurde. Når Trøndelag Teater i Runar Hodnes regi nå set opp «Stor ståhei for ingenting», er det openbert at det er denne settinga ein vil følgje, og det eine påfunnet meir surrealistisk enn det neste blir presentert, men trass i framifrå spel manglar det heilskap, og det blir diverre i hovudsak nettopp påfunn.

Kultur