I over 50 år har Ken Loach laga samtidsaktuelle filmar om livet i den britiske arbeidarklassen. Få kan sjå tilbake på ein så politisk, tematisk og estetisk konsistent filmproduksjon som han. Ken Loach er internasjonal sosialist og sosialrealist på sin hals, ein kombinasjon som «burde» bety at han var utdefinert frå det gode selskap i film- og kulturkrinsar. I alle fall sidan Berlinmuren fall og Tony Blair avløyste Margaret Thatcher.
«Sorry We Missed You» forklarer kor viktig den norske #rosastreiken i Foodora var.