Solveigs salt

Innbilt empati

Det er heilt vanleg at kvinner brøyter seg inn mellom einannan.

SNAKKAR FOR MYKJE: Nokre kvinner. SNAKKAR FOR MYKJE: Nokre kvinner.

Det står ei gamal dame i midtgangen i togvogna og snakkar så høgt i mobiltelefonen at eg ikkje greier konsentrera meg om orda på dataskjermen min. Det går fram av samanhengen at ho snakkar med ein yngre slektning, truleg eit barnebarn som helst ville ha avslutta samtalen for ei god stund sidan, om det ikkje var for det at bestemora stadig kjem på litt til som ho må få spurt om, om alt står godt til med den eine og den andre, på jobben og på skulen og heime og blant vener. Ho er blid i målet, nærmast audmjuk, ein tanke forskremd, slik det gjerne blir for den som klamrar seg fast i nokon som prøver å rista henne av seg utan å såra henne altfor grovt.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Solveigs salt

Hos keisaren

Etter at den vestre delen av Romarriket hadde falle frå einannan, stod austdelen ved lag i meir enn tusen år, ein avansert sivilisasjon som verka sterkt inn på den norrøne kulturen. Her til lands har det likevel vore påfallande lite interesse for denne sida ved fortida. Så det kjem vel med at professor Christine Amadou no har gjeve ut «Bysantinerne. Den lange historien». Det austromerske eller bysantinske riket, alias det gresk-ortodokse keisardømet, hadde Balkan og Anatolia som kjerneområde, men fordi der alltid var krig med nabofolka, auka og minka det dramatisk frå hundreår til hundreår. Hovudstaden var storbyen Konstantinopel ved innsiglinga til Svartehavet, som folk her i nord kalla Miklagard då han var på sitt mest kraftfulle, og tyrkarane forkorta til Istanbul då dei erobra han i 1453. På den tida var det berre restane att, for han var nær på blitt lagd i grus av eit korstog som gjekk av sporet i 1204, eit årstal som Amadou ofte vender tilbake til.

Maktgrunn­laget

Under innsettingsseremonien lova Haakon den åttande å herska over kongeriket i samsvar med Grunnlova, så sant hjelpe han Gud. Det er eit viktig atterhald, for alle kan gjera feil, og dersom Gud ikkje greier ordna opp, kan han alltids orsakast med manglande eksistens. Men enten Gud finst eller ikkje, det hadde aldri funnest noko norsk kongedøme utan han. Heidningen Harald Hårfagre kunne fara land og strand og samla riket alt han orka, straks han snudde ryggen til, datt det frå einannan igjen. Det var fordi Olav digre hadde kyrkja å støtta seg på, at han lukkast så mykje betre. Det eineveldige kongedømet av Guds nåde som fanst i dansketida, der kongen berre stod til ansvars for Vårherre, var likevel berre eit intermesso. Heilt sidan vikingtida har alle nye regentar måtta godkjennast av den herskande opinionen.

Menn som elskar

I den norrøne versjonen av Tristan og Isolde, tilrettelagd for hoffet til Håkon Håkonsson av munken broder Robert i året 1226, står det at dronninga treivst svært godt med å ha to menn. Men ingen av dei hadde ei anna kvinne enn henne. Den hemmelege elskaren greidde ikkje eingong å fullbyrda ekteskapet med den unge jenta som han gifte seg med for syns skuld. Sånn er det òg i forteljinga om riddarane av det runde bord. Trass i at dronning Guniver har eit konvensjonelt samliv med kong Artur, er riddar Lancelot så einsidig retta mot henne at når han blir narra til sengs med ei anna, reagerer han med eit anfall av sinnssjukdom som varer i fleire år. Ingen av desse mennene har fått nemneverdig merksemd innan psykologi, filosofi og historie, eller nokon annan stad for den saks skuld. Det har heller ikkje trojanarprinsen Paris, endå det var fordi han var så lidenskapleg forelska i den skjønne Helena, og så likegyldig med korleis det gjekk med alle andre, at Trojakrigen drog ut i ti år. I den tredje songen i Iliaden blir grekarar og trojanarar einige om å arrangera tvikamp mellom dei to mennene til Helena like utanfor den trojanske bymuren. Ho vonar i sitt stille sinn at Paris skal tapa, for ho er lei av han og lengtar etter det livet ho hadde før.