Kjennskap: Marit Eikemo skriv stadbundne noveller med lang rekkevidde.

Folk ved fjorden

IDYLL: Eikemos noveller har djupn, vidd og rekkevidde – ikkje ulikt Hardangerfjorden. ILLUSTRASJON: THOMAS FEARNLEY/WIKIMEDIA THOMAS WIDERBERG

Sidan romandebuten «Mellom oss sagt» (2006) har Marit Eikemo skrive kloke og morosame romanar som tek norsk samtid på kornet, sist i «Gratis og uforpliktande verdivurdering» (2018). Tidlegare har Eikemo vist at ho òg kan knyte kortare tekstar saman til heilskaplege verk, i intervjuboka «Her, no. Møte med unge menneske» (1999) og særleg i den unike og unikt gode essayboka «Samtidsruinar» (2008). Når ho debuterer med noveller, er det heller ikkje etter sop-i-hop-metoden: «Hardanger» er eit samanhengande novelleverk, der tekstane grip inn i kvarandre og utvidar kvarandre.

Bokmagasinet