Når samfunnet og arbeidslivet blir meir usikkert, får det konsekvensar langt inn i privatlivet, skriv Kristina Leganger Iversen.

Bli mor, no?

HÅP: Kanskje er spørsmålet korleis ein kan sikre seg eit samfunn som er trygt nok til å at ein kan gjere det ein vil: Anten det er å få barn, eller la vere, skriv Kristina Leganger Iversen. Her Gustav Klimts «Håp II». FOTO: WIKIMEDIA COMMONS

Det var i april 2018 at eg starta å skrive på det som skulle bli boka «Bli mor no». Erna Solberg stod framfor journalistane på Høyres landsmøte, og bad nordmenn få fleire barn. Og der var eg, snart 29 år, midt i gjennomsnittsalderen for å få sitt første barn, ferdigutdanna, i fast forhold, buande i ein liten toroms eg og kjærasten hadde kjøpt. Men også: Midlertidig tilsett, saman med ein ufaglært arbeidarklassemann og bartender. Var det no det skulle skje? Kunne vi få barn, midt oppe i all denne usikkerheita?

Med andre ord