30. sep.
Vakre Arkitekturhistorikar Mari Hvattum seier i Klassekampen i går at «en av grunnene til at vi tror vi står i en særstilling historisk, er at det aller dårligste gjerne forsvinner». Kanskje er eldre arkitektur eigentleg ikkje vakrare enn det Obos byggjer i dag? Er det berre at alle dei stygge bygga frå 1800-talet er rivne? Dette er eit velkjent argument, og eg tykkjer det er dårleg.
I essayet «Against the survival of the prettiest» argumenterer filosofen Samuel Hughes for at selektiv riving ikkje kan vere forklaringa på at eldre arkitektur verkar vakrare. Me har teke vare på heile gateløp med vanlege leigegardar, ikkje berre kyrkjer og palass. Og på gamle fotografi kan me sjå husa som no er rivne. Kor er alle dei stygge bygga?
Christiania i 1890 var ein langt verre stad å bu enn Oslo er i dag. Folk levde trongt, og mange hus var i dårleg stand.
Aleksander Åsnes