«Det kunne ha vore kven som helst.» Slik trur eg regissør Mari Vatne Kjeldstadli har tenkt når ho set opp «Åpenbaringen» av den svenske dramatikaren Mattias Andersson i Teaterhallen på Rogaland Teater. For ho skil i starten lite mellom scene og sal eller publikum og aktør. Vi sit i eit atrium utan scenografi, i fullt ljos, og skodespelarane går i eitt med publikum. Varsamt let Kjeldstadli dei sju aktørane nøste opp sine historier, der tre av historiene har det sams at ein av personane har fått ei openberring.
Stort spel i eit stykke med fire liter surmjølk som einaste rekvisitt.