Solveigs salt

Nesten likestilt

At herre og tenar arbeider side om side, er til fordel for alle.

SAME ARBEID: Enten ein var tenestejente eller husfrue. SAME ARBEID: Enten ein var tenestejente eller husfrue.

Den norske grunnlova av 1814 gav berre stemmerett til vaksne menn med eigedom, mens mesteparten av folket framleis var like umyndige som dei hadde vore i dansketida. Tanken var at dei som var i teneste hos andre, ikkje var sjølvstendige nok til å ta ansvar for politiske avgjerder. Styringa av land og rike måtte overlatast til dei frie og uavhengige.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Solveigs salt

Ar­beids­kraft

Mens nordmenn med kuhorn på hovudet lagar rorørsler og rolydar på amerikanske fotballtribunar, uroar andre seg for den dyrkinga av vikingtida som ligg attom. For alle veit jo at vikingane «plyndret, drepte og voldtok», og dessutan synest utlendingane sikkert at det ser forferdeleg dumt ut. Derimot kjem det sjeldan protestar mot den tradisjonelle feiringa av den amerikanske frigjeringskrigen, endå så mange soldatar som blei lemlesta og drepne, for ikkje å snakka om utryddinga av urfolket i tida som følgde. Den nådelause slavedrivaren George Washington blir halden høgt i ære som pioner og president i «the land of the free», og Thomas Jefferson sine fråsegner om fridom og menneskerettar gjeld framleis for grensesprengjande framsteg, sjølv om dei tvangsimporterte afrikanske arbeidarane fekk træla på som før. Dette skjedde så pass nyleg som for to hundre og femti år sidan, og er svært grundig dokumentert. Kjeldematerialet frå vikingtida er mykje knappare, med lite konkret informasjon og mykje propaganda og overtru. Men det er i alle fall semje om at den offisielle starten var i 793, då norske røvarar plyndra det kristne klosteret på øya Lindisfarne i Nord-England. Trass i seigliva påstandar om at havet spydde ut ei uteljande mengd med skip, var det ikkje verre enn at mange av munkane kom seg unna.

Likevekt

Eg synest det er stas når fotballfansen vår sit på ein amerikansk stadiontribune og roper hu! hu! mens dei gjer åretak med armane som om dei ror eit vikingskip. For det særeigne med kulturen her i nord var at krigarane rodde sjølve, i staden for å fylla dei smekre skipa sine opp med slavar. Rett nok brukte ikkje dei verkelege vikingane kuhorn på hjelmane, og ikkje var det noko typisk norsk med dei heller: I dei norrøne sogene er ein viking det same som ein røvar, same kor han kjem frå. Dessutan var den såkalla vikingtida først og fremst kjenneteikna ved havgåande skip og internasjonal kontakt, og kunne vel så gjerne heitt den norrøne utferdstida. Eller den store samhandlingsepoken, i og med at det ikkje blei mindre vald etterpå, då makta blei samla på færre hender. Dessutan fekk folk flest skralare helse, og det var knapt nokon som hugsa at det hadde funnest ein liten koloni av norskætta kvinner og menn i Nord-Amerika. Ein gong midt på ellevehundretalet, halvtanna hundre år etter at handelsmannen Leiv Eiriksson steig i land i Vinland og hundre år etter at vikingtida offisielt var slutt, kom bergensaren Eindride unge heim frå det indre Middelhavet, der han hadde jobba som leigesoldat, og sa til Ragnvald jarl, som var på besøk frå Orknøyane, at han burde ta seg ein tur til dei store og mektige landa i sør, han òg. Det blei opptakta til ei kombinert røvar- og pilegrimsferd som gjev innsyn i den eineståande likevektsfilosofien i ein nesten gløymd kultur. Mange ville vera med, så sant Ragnvald var førar for heile ekspedisjonen, for han var svært godt likt.

Halv­prin­sen

No i veka avgjorde Borgarting lagmannsrett at Marius Borg Høiby, som er sikta for vald i nære relasjonar og ei mengd med andre overgrep, ikkje skulle få permisjon frå varetektsfengsel for å vera saman med den sjuke mor si, kronprinsesse Mette-Marit. For det kan ikkje gjelda andre reglar for han enn for andre, og heile kongeriket har forstått at han ikkje er til å ha gåande laus. Det står respekt av at kongefamilien ikkje har misbrukt stillinga si til å pressa fram ei særordning. Godt er det òg at dei ikkje har støytt han frå seg, verken fordi han opphavleg kom frå eit svært lite majestetisk samfunnssjikt, eller på grunn av det han har gjort i det siste. Likevel har han heilt sidan barndomen hatt status som eit slags ufullstendig familiemedlem, med lågare rang enn halvsøskena, og samtidig friteken frå slike plikter og krav som får unge menneske til å setja føter under seg. Mette-Marit blei kongeleg av å gifta seg med tronarvingen, men det fanst ingen merkelapp til å klistra på den vesle guten som følgde med på kjøpet, ingen ærverdig gamal tradisjon for «steprins» eller «halvprins» som kunne gje han ei rolle på slottet og ei retning i livet. Og i ein heim der mat, hus og straum var gratis, og ingen av foreldra hadde yrkeserfaring, var det ingen som gjorde det klart for han at skulle han bli sin eigen herre, måtte han klatra eit trinn nedover rangstigen. Alt var vel og bra så lenge han var liten og søt, og ved å halda seg med ein lys lugg og eit uskuldsblått blikk lenge etter at han var ferdig utvaksen, har han glidd unna dei utfordringane som dei fleste unge treng om dei skal bli gagns menneske.