Det finst eit uoppdaga potensial av idear til skriving gøymd ein eller annan plass i hovudet til dei fleste av oss. Det kjem til synes berre du gjev rom for det. Sjølv har eg gode røynsler med berre å starte å skrive, og så skjer det noko etter kvart som orda formar seg på skjermen eller papiret. Papir er forresten lite aktuelt for meg, for handskrifta er så skakkøyrd at eg slit med å tyde ho, men eg treng heldigvis ikkje penn og papir for å kunne skrive i veg.