Du trudde det var ein makaber spøk. Eit magasin som hjelper folk som gjennom historia har blitt forfølgd og utrydda av nazistar, gjev spalteplass til holocaustfornektarar. Men no har det altså skjedd: Magasinet Folk er folk, som blir selt av romfolk på gata, trykker tekstar frå det ypparste Noreg har å by på innan hat.