Presten var aleine mot dei mange, ein gamal mann mot ein hær av skarpt væpna okkupantar. Likevel gjekk han fram til kong Agamemnon og bad om å få kjøpa tilbake dotter si, som var teken til fange. Agamemnon viste han nådelaust bort: Ha deg unna mens du enno er uskadd, og lat meg ikkje sjå deg att!