Fangeleir

  • Eg har denne sommaren gjort djupdykk inn i barndomen. Redaksjonen i bladet Fanajul har bede meg skrive om oppveksten på Hop i dåverande Fana kommune rett sør for Bergen. Skriveprosessen har kasta lys over små og store hendingar som har vore gøymt i eit slags halvmørke i barndoms-minnet. Eit av dei handlar om det eg meinte å hugse var ein fangeleir for sovjetiske krigsfangar rett over vegen for barnehagen eg gjekk i tidleg på 60-talet.

Dagboka