Klassisk litteratur blir brukt til å stiva av skral mannsidentitet.

Ingen les Homer

FEIL: Dei homeriske eposa er ikkje patriarkalske. FOTO: BERTHOLD WERNER, WIKIMEDIA

Dei homeriske storverka Iliaden og Odysseen har enorm prestisje i vestleg kultur, og blir stadig påkalla, særleg for å visa korleis det menneskelege medvitet har utvikla seg frå før til no. Såleis skriv Barbara Ehrenreich i den siste boka si at historikarane er samde om at sjølvinnsikt var ukjent for tre tusen år sidan: «Akilles ville at namnet og gjerningane hans skulle hugsast for alltid, men han uroa seg ikkje over sine eigne motiv og motsetnadsfylte truskapstilhøve. Den slags tenking kom seinare.» (Frå «Natural Causes. Life, Death and the Illusion of Control», mi omsetting.)

Solveigs salt