Det kan synest absurd å samanlikne dei som valde Trump i USA eller Salvini i Italia, dei som stemte for brexit, dei gule vestane i Frankrike eller – her til lands – «bunadsgeriljaen» mot nedlegging av fødeavdelingar. Men desse mangfaldige fenomena har ein ting felles: Dei saknar politisk representasjon, og dei uttrykker spontane protestar mot aukande sosiale, økonomiske og regionale forskjellar. Nyliberalismens program er å deregulere alle marknader, å marknadsutsetje verksemd som før var verna mot marknaden, å svekke fagrørsla blant anna gjennom «fleksibilisering» av arbeidsmarknaden og fri arbeidsmobilitet over landegrensene, å skrumpe offentleg sektor ved å konkurranseutsette offentlege tenester, privatisere statseigde føretak, kutte skattlegginga av dei rike og skape fri flyt av finanskapital og investeringar mellom land.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn



