Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Politikarar som ignorerer fordelingseffektane går vanskelege tider i møte.

Rettferdig fordeling

ILLUSTRASJON: KNUT LØVÅS, KNUTLVAS@GMAIL.COM

Det kan synest absurd å samanlikne dei som valde Trump i USA eller Salvini i Italia, dei som stemte for brexit, dei gule vestane i Frankrike eller – her til lands – «bunadsgeriljaen» mot nedlegging av fødeavdelingar. Men desse mangfaldige fenomena har ein ting felles: Dei saknar politisk representasjon, og dei uttrykker spontane protestar mot aukande sosiale, økonomiske og regionale forskjellar. Nyliberalismens program er å deregulere alle marknader, å marknadsutsetje verksemd som før var verna mot marknaden, å svekke fagrørsla blant anna gjennom «fleksibilisering» av arbeidsmarknaden og fri arbeidsmobilitet over landegrensene, å skrumpe offentleg sektor ved å konkurranseutsette offentlege tenester, privatisere statseigde føretak, kutte skattlegginga av dei rike og skape fri flyt av finanskapital og investeringar mellom land.

Økonomane Morten Jerven, Erik S. Reinert, Rune Skarstein, Chr. Anton Smedshaug, Ebba Boye og Marie Sneve Martinussen skriv onsdagar i Klassekampen.