Essay
Tre fans om Vasas
Tønes
Musikar og låtskrivar
Av og til når ein skriv låtar begynner ein jo å lura på om det finst meir å skriva om. Så då er det veldig inspirerande og frigjerande når det kjem noko som er gjort på ein ny måte. Då «Släkt med Lotta Svärd» kom ut, likna det ikkje noko anna eg hadde høyrt. Eg blei veldig fascinert av heila greio. Sjølv om eg ikkje forstår alt i dialekta, er det tekstleg gull i alle låtane. Som i «Leevi & the Leavings»: söderut mot Solf, stanna till vid min fammos grav / jag villa se mitt efternamn i guld re’n i dag.