Arv: Nicolas Mathieu balanserer trongen til å reise bort mot gleda over å høyre til.

Utviding av randsona

SAMHALD: VM i 1998 førte franskmenn av alle slag saman. FOTO: RABIH MOGHRABI, EPA/AFP/NTB SCANPIX RABIH MOGHRABI

Eg hugsar fridomskjensla som fylte meg då eg blei 16, fekk mopedlappen og endeleg kunne køyre den vesle 50-kubikks Suzuki FZ-en eg hadde kjøpt i god tid til dagen. Kjensla av å kunne stikke av, kome seg litt vekk, var kjærkomen. No hadde eg ikkje så mykje å stikke av frå, men likevel – verda utvida seg. To hjul gjennom bygda.

Bokmagasinet