For 11,8 millionar kroner blei øya Ulvsnesøy, som ligg i fjorden mellom i Osterøy og Vaksdal i Hordaland selt. Øya gjekk 3,6 millionar kroner over prisforslag. På øya får kjøparen heile 24 bygningar. Utover hovudhuset er det mellom anna stall, verkstad, veksthus og lærarbustad. Det er badeplassar der og kaianlegg.