Det som ser ut som effektivitet, er ofte berre ein illusjon.
Solveig Aareskjold, forfattar
GAMLEMÅTEN: Motoriseringa er oppskrytt, meiner forfattar. Erik StenvikGAMLEMÅTEN: Motoriseringa er oppskrytt, meiner forfattar. Erik Stenvik
Frå tilhaldsstaden min midt i kulturlandskapet ser eg til mi store glede at dei vidstrekte, nedslitne og vasstrekte engene som omgjev hagegjerdet på alle kantar, endeleg blir pløgde og harva igjen. Breie såmaskinar køyrer att og fram, og kornspirene bryt opp or mørk mold under vårhimmel og lerkesong. Men straks det kjem ei regnbye, ligg det dammar av vatn over det heile.