Festninga

  • Bergensavisen (BA) publiserer i dag ei komplett liste over dokumenterte tilfelle der 36.570 flyktningar og migrantar har døydd grunna den restriktive politikken til det avisa kallar «festning Europa». Lista omfattar hendingar attende til 1993 og er oppdatert til og med 1. april. Ho utgjer 48 tettpakka avissider i eit eige bilag i Bergensavisen. Talet på kjelder er over 700. Dokumentasjonen er henta inn av United for intercultural action, eit europeisk nettverk mot nasjonalisme, rasisme og fascisme til støtte for migrantar og flyktningar.

Dagboka