DEMO: Mange hundre pensjonistar demonstrerte i går framfor Stortinget med krav om forhandlingsrett og ei kjøpekraftutvikling på linje med andre grupper. – No vil vi ha den same utviklinga og kjøpekrafta som dei yrkesaktive får, sa leiar Jan Davidsen i Pensjonistforbundet i appellen sin. Pensjonistforbundet protesterte mot resultatet av trygdeoppgjeret dei siste fem åra. Forbundet krev å få tilbake forhandlingsretten på løpande pensjon frå folketrygda, at pensjonistane må få ein inntektsvekst om lag på linje med lønnsmottakarar, og at resultatet av trygdeoppgjeret må godkjennast av Stortinget. ©NPK
Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Festninga
Dagboka
- Bergensavisen (BA) publiserer i dag ei komplett liste over dokumenterte tilfelle der 36.570 flyktningar og migrantar har døydd grunna den restriktive politikken til det avisa kallar «festning Europa». Lista omfattar hendingar attende til 1993 og er oppdatert til og med 1. april. Ho utgjer 48 tettpakka avissider i eit eige bilag i Bergensavisen. Talet på kjelder er over 700. Dokumentasjonen er henta inn av United for intercultural action, eit europeisk nettverk mot nasjonalisme, rasisme og fascisme til støtte for migrantar og flyktningar.