Oslo Pix hadde ein organisatorisk ustø start, men er alt i sitt tredje år eit nær uunnverleg tilbod til kinopublikum i hovudstaden, som på denne tida av året «lir» under ei kvalitetsmessig vårknipe. Det er symptomatisk for det magre kinotilbodet at ein må på Oslo Pix for å få sett Pernille Fischer Christensens drygt årsgamle biografi om Astrid Lindgren, «Unge Astrid». Dét trass i at det er ein nordisk samproduksjon om ein av Nordens viktigaste og høgst elska forfattarar, med gode biroller av Maria Bonnevie og Henrik Rafaelsen. Det unge talentet Alba August i tittelrolla får også på gripande vis fram kor viktig konformitetsopprør og aleinemorrøynsler var for Lindgrens forfattarskap.
Langhelga vil vera godt brukt på kino.