Det er eit flott prinsipp her i Noreg at me skal dømmast av våre likemenn. Kriminelle skal dømmast av kriminelle. For me er jo alle syndarar. Slike tankar gjennomsyrar Framstegspartiet, partiet som ser ut til å ha runda straffelova med god margin. Og ofte er det dei kreative innfallsvinklane som dukkar opp. Mogelegheiter som du kanskje ikkje har tenkt på før. Triksa med reiserekningar? Betala null i skatt, men ha stortingsløn og millionar i formue? Leika russisk rulett i fylla? Det høyrest nytt og spanande ut, men det er alt gjort – av ein Frp-ar.
Slapp av. Det er ubrotne paragrafar nok til alle.