Faktisk heilt riktig?

Lena Andreassen (25. mai) slår i sitt forsvar for Steve Bannon korrekt fast at dei høgrepopulistiske partia «faktisk appellerer til arbeiderklassen». Ho gløymer å legge til at det gjorde også dei fascistiske populistane i Italia og Tyskland i mellomkrigstida. Det tyske nazipartiet heitte Nationalsozialistische Deutsche Arbeiterpartei. Ein intern ideologisk konflikt i partiet gjekk mellom dei som la mest vekt på det nasjonale (Hitler) og dei som prioriterte det sosialistiske, antikapitalismen. Ein hovudfigur innan det venstrenazistiske SA, Georg Strasser, skulda i 1930 Hitler for forræderi mot sosialismen. Men begge fløyene slutta seg i praksis om det Andreassen kallar «solidarisk nasjonalisme».

Debatt