Denne helga var det Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) som hadde landsmøte. Med det er ein lang landsmøtesesong over. I tur og orden har politikarar frå forskjellige landsdelar, frå by og bygd, tatt inn på ulike konferansehotell, forma ny politikk, justert gamle vedtekter, gjenvald og vald nye personar til viktige verv. Det har også vore fleire kampar om verv, før det er blitt votert og applaudert. Interne politiske motsetningar har kome fram i alle partia, slik det skal vera.