Filmen «Vita and Virginia» frå 2018 går no rundane på festivalane, og fortel historia om kjærleiken og det seksuelle forholdet mellom dei to engelske forfattarane Vita Sackville-West og Virginia Woolf. Woolf har vorte grundigare eksponert på kinolerretet, mest minneverdig i Nicole Kidmans figur med naseprotese i «The Hours» frå 2002. Kidmans rolle var så visuelt sterk at ho svevar over vatna her også, ikkje minst over dei surklande vatna til Ouse-elva der den tungt deprimerte Woolf drukna seg i 1941. Mens «The Hours» både begynner og endar der, møter vi ei på mange måtar hemma, men sanseleg, begjærande og livskraftig Woolf i «Vita and Virginia».
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn



