Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Feminist javisst

Vita og Virginia

Viss du har flaks, kjem denne filmen snart til ein kino nær deg.

AV, OM OG FOR KVINNER: Filmen «Vita and Virginia» sprenger mange grenser og låste rom, skriv Stephen Walton. Her Gemma Arterton og Elizabeth Debicki som Vita Sackville-West og Virginia Woolf. FOTO: THUNDERBIRD RELEASING

Filmen «Vita and Virginia» frå 2018 går no rundane på festivalane, og fortel historia om kjærleiken og det seksuelle forholdet mellom dei to engelske forfattarane Vita Sackville-West og Virginia Woolf. Woolf har vorte grundigare eksponert på kinolerretet, mest minneverdig i Nicole Kidmans figur med naseprotese i «The Hours» frå 2002. Kidmans rolle var så visuelt sterk at ho svevar over vatna her også, ikkje minst over dei surklande vatna til Ouse-elva der den tungt deprimerte Woolf drukna seg i 1941. Mens «The Hours» både begynner og endar der, møter vi ei på mange måtar hemma, men sanseleg, begjærande og livskraftig Woolf i «Vita and Virginia».

Feministane Bodil Stenseth, Wencke Mühleisen, Asta Beate Håland, Stephen Walton, Kristina Leganger Iversen og Muna Jibril skriv i Klassekampen måndagar.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen