Med Sovjetunionens fall var grunngjevinga for Nato borte. Sidan har Nato vore ein reiskap for amerikansk ekspansjon.

Det gamle Nato og det nye

ILLUSTRASJON: KNUT LØVÅS, KNUTLVAS@GMAIL.COM

Ein vårdag i 1973 sat eg ved eksamensbordet på Universitetet i Bergen og skreiv i mine tilmålte tolv timar om Noregs veg til Nato, alliansen som no fyller 70 år. Den alternative oppgåva var om USAs Kina-politikk 1945–50. Slik var eksamensforma – eit tillegg til hovudoppgåva som i omfang kunne vere som dagens doktoravhandlingar. Pensum: Forsking om den kalde krigen, neppe særleg mange tusen sider og eg var den einaste med emnet. Ved Universitetet i Oslo var det eit samtidshistorisk miljø rundt professor Magne Skodvin, men ved Universitetet i Bergen hadde ingen forskingskompetanse om perioden etter 1. verdskrig. Ifølgje sensorane på munnleg eksamen var det uråd å sjå om eg var tilhengar eller motstandar av Nato. Den komplimenten kjenner eg meg ikkje forplikta av i det følgjande. Sidan har forskinga om emnet vakse med hundretusentals sider. Ingen kan overskode alt, men det vart faget mitt å følgje med på eit forskingsfelt der lite er tilgjengeleg på norsk – opinionen er prisgitt mediefilteret. Den personlege erfaringa mi med Nato låg då 6–7 år bak i tid, i luftvernartilleriet på Andøya, med oppdrag å plaffe ned Sovjet-fly. Ein måtte kunne skilje MIG-fly frå ein Starfighter.

Med andre ord