Eg er eit a-menneske og har vore det så lenge eg kan hugse. Når eg vaknar tidleg om morgonen, er det som å slå på ein brytar. Eg er lys vaken. På vekedagane er dette ei velsigning. Eg gler meg til å stå opp og slit aldri med å kome i gang. Slikt kan sjølvsagt vere irriterande for dei rundt deg, men med åra har heldigvis ho eg bur i lag med glidd inn i same mønsteret.