Dei fleste forstod barnet ut frå kva kjønn dei trudde det hadde.
Solveig Aareskjold, forfattar
For ei yndig ung jente, tenkjer eg om ekspeditrisa i skobutikken mens ho svinsar ut på lageret for å henta det rette nummeret i låge skinnstøvlar med snøring. Ho er midjesmal og barmfager med nyvaska bluse og duftande hår, rein feminitet tvers igjennom.