Er USA faktisk ein rettsstat? Det er eit akutt spørsmål i norske Lene Bergs nye film om raseprofilering og gentrifisering:

Kafka i Harlem

COLLAGE: Filmen «False Belief» handlar om saka mot afroamerikanske «D», som blir bygd på eit enkelt foto som treng mykje kontekst for å fungera som «prov». Lene Berg, kjærast til «D» og regissør, brukar i filmen ein collageteknikk som både freistar å femna alle elementa i saka og å laga eigne «motprov». FOTO: LENE BERG

– Problema våre byrja, trur vi, då naboen vår i Harlem ikkje fekk seld sin klassiske «brownstone» for ein pris langt over marknadstakst, seier Lene Berg.

Film