Å rydde opp i eit dødsbu kan føre til at ein finn ein flott og nesten ubrukt minkpels. Det hende meg, og straks melde fleire dilemma og spørsmål seg: Kva gjer eg med ein minkpels i Noreg i 2019? Torer eg å bruke den? Kvar og når kan eg i så fall gå med den? Skal eg heller gje den til Gjenbruk eller Fretex? Bør eg sende den til gatebarn i Ukraina eller Romania? Eller skal eg kaste den?