Kva gjer ein film viktig?

Tilkny­tingspunkt

STERK: «The Souvenir» blir sitjande fast i minnet til publikum. FOTO: AGATHA A. NITECKA Agatha A. Nitecka

Den britiske filmskaparen Joanna Hogg er i Berlin med «The Souvenir». Filmen fekk òg mykje merksemd i Sundance for eit par veker sidan. Hogg er ein kjent og original kunstfilmskapar. Når fleire har fått augo opp for henne, er det dels fordi Martin Scorsese har produsert «The Souvenir» og fordi den debuterande hovudrolla, Honor Swinton Byrne, spelar dottera til si verkelege mor, Tilda Swinton, som er regissørens barndomsveninne. Alt der er filmen eit interessant døme på kva som gjer ein film «viktig» i filmverda.

Kommentar