KLAR: Han har ikkje tid å venta på EU og meiner landa i Norden må gå i lag om å skattlegga dei multinasjonale nettgigantane. Viss dei ikkje toler det, kan dei heller ikkje drive hos oss, seier Petter Stordalen.
Han er ein svoren tilhengar av «den skandinaviske samfunnsmodellen», rosar det norske byråkratiet opp i skyene og synst namneskiftet frå Statoil til Equinor var fantastisk.