Prisvinnar Kjartan Fløgstad:

Øsande ordsmed

– UVENTA: Kjartan Fløgstad vinn Klassekampens neshornpris 2018 for hans særeigne og omfattande forfattarskap, for hans intellektuelle innsats for arbeidarkultur og folkekultur, og for hans vilje og evne til polemikk. Christopher Olssøn

– Dette var uventa! Om ikkje fullt så uventa som at danseframsyninga eg var med på i vår vann Kritikarprisen. Ein skulle tru det var mitt bidrag på dansescenen som kvalifiserte til «nashornpris», vitsar Kjartan Fløgstad.