Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Prisvinnar Kjartan Fløgstad:

Øsande ordsmed

– UVENTA: Kjartan Fløgstad vinn Klassekampens neshornpris 2018 for hans særeigne og omfattande forfattarskap, for hans intellektuelle innsats for arbeidarkultur og folkekultur, og for hans vilje og evne til polemikk. Christopher Olssøn

PRISA: – Polemikk er ikkje mykje verd om folk faldar hendene i takk og amen, seier Kjartan Fløgstad.

– Dette var uventa! Om ikkje fullt så uventa som at danseframsyninga eg var med på i vår vann Kritikarprisen. Ein skulle tru det var mitt bidrag på dansescenen som kvalifiserte til «nashornpris», vitsar Kjartan Fløgstad.