Ambisiøst og pedagogisk

KOR KAN EIN DRA VIDARE? Wardi saman med onkelen på toppen av generasjonsbustaden i flyktningleiren. FOTO: EUROPAFILM

Norsk animasjonsfilm haustar no på ulike vis fruktene av ei langvarig utdanningssatsing i Volda, teknologiske nyvinningar i faget og ei sterkare internasjonalisering og industrialisering av den norske bransjen. Eit tydeleg uttrykk for dette, er Mats Groruds debutlangfilm «Tårnet». Filmen er ein samproduksjon mellom norske, svenske og fransk produsentar, lansert på norsk, engelsk, fransk og arabisk. Filmen føyer seg også inn i rekkja av dokumentariske (intervjubaserte) prosjekt som gjer bruk av animasjonsformatet. Samstundes er prosjektet realisert av godt, gammaldags personleg engasjement (regissøren er sjølv Palestina-aktivist) og har resultert i ein film som skil seg ut frå hovudstraumen av norsk animasjon.

Kultur