Ane Farsethås er truleg den norske kritikaren eg har størst tillit til som upartisk, rasjonell og saksorientert – ho er utprega analytisk i tilnærminga og har som kulturredaktør i Morgenbladet svevd over det litterære feltet som ei ørn med tilsynelatande fullt overblikk over både litteratur og kulturpolitikk. Eg på mi side kom snublande inn i avisspaltene ikkje lenge etter Farsethås, full av vestlandsk pietismepatos og vitnetrong. Det tok ei stund før eg oppdaga at det ikkje var heilt salongfähig (for dei som skjøna det ordet) – men heldigvis endra normene seg etter kvart.
Utsikt: Farsethås gjer ein real ryddesjau i det litterære feltet kor skjønnlitteratur og sakprosa møtest.
Leserguide i grenseland
![](https://cdn.sanity.io/images/u4eaiudq/production/bf0e0737a58b55610c88292447ff75facb34e006-1399x981.jpg?w=1600&q=75&auto=format)