Den norske oljehistoria er eit fantastisk råmateriale for tv-drama, men ein må likevel ha talent for å raffinera fakta til fungerande fiksjon. Det talentet har Mette M. Bølstad, som gjennom manusa til «Nobel» (2016) og no «Lykkeland» har vist at ho meistrar kunsten å prosessera grundig research og stor forståing for politikk og samfunn, slik at det kjem ut i form av like detaljrike som medrivande forteljingar.
NRKs «Lykkeland» skildrar oljestarten i Stavanger som ei stilsikkert kitschdrama i «Matador»-tradisjonen.