Film

Vågalt og vellukka

Carl Javér samlar overlevande til å opna «den svarte boksen» i hovudet.

MENTALE BILDE: Mohammed får «vekkja» sine døde vener i ein gripande, meiningsfull rekonstruksjon. FOTO: TOUR DE FORCE MENTALE BILDE: Mohammed får «vekkja» sine døde vener i ein gripande, meiningsfull rekonstruksjon. FOTO: TOUR DE FORCE

(Reconstruction Utøya, Sverige/ Noreg/ Danmark, 2018)

Regi: Carl Javér

Manus: Carl Javér, Fredrik Lange

Med: Rakel, Mohammed, Jenny, Torje

Lengde: 1 t. 33 min.

I år har det kome tre filmar om terroren på Utøya i 2011. Ved kvar premiere har eg gått nervøs til kinoen både på eigne og regissørane sine vegne. Kva påkjenning ulike tolkingar av sjølvopplevde traume må vera for overlevande og pårørande, er vanskeleg å gripa. Den innsikta har vore viktig for Carl Javérs dokumentar, som overlèt til fire overlevande å rekonstruera – ikkje iscenesetja – eigne minne. Alle som har sett dokumentaristen Errol Morris’ svært effektfulle rekonstruksjonar av til dømes skrivne vitnemål og minne, forstår at slikt skilje må seiast å vera flytande.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Film

Barnefilm

Glemselens øy

Fartsfylt og farvesterk skildring av to ungdommers kamp for å redde vennskapet.

Film

Det umålbare

Omsorgsyrka er samfunnets kjerne.

Film

Butterfly

Med to sterke rolletolkingar som basis, kan «Butterfly» kasta alskens idéar i filmgryta utan at den eksperimentelle kokekunsten skil seg.