Tabu: Erlend Loe leverer rasande festleg samfunnskritikk, men held ikkje koken heilt i mål.

Satire på safari

MORALHUMORIST: Erlend Loe tek middelklasselivet på kornet. FOTO: TONJE SKJERVOLD

Den satiriske tv-serien «Kampen for tilværelsen» (2014–2015) er det kvassaste og mest underhaldande NRK har skapt på mange år, først og fremst på grunn av eit særs fruktbart manussamarbeid mellom Erlend Loe, Per Schreiner og Bjørn Olav Johannessen. Med romanen «Dyrene i Afrika» spinn Loe vidare på éin av handlingstrådane: Korleis den lett kua tannlegen og familiemannen Vidkun utvikla seksuelt begjær retta mot ville, og helst store, dyr. Dermed introduserer Loe noko vi ikkje har sett i norsk litteratur på lenge: litteratur som utfordrar verksame tabu for å setje ein støkk i lesaren både moralsk og politisk.

Bokmagasinet