Kven eig den norske arbei­dar­his­toria?

EI ANNA HISTORIE: 2. mai 1918 «tok» arbeidarar mange stader åttetimersdagen. Her fra Notodden dagen før. FOTO: NORSK INDUSTRIARBEIDERMUSEUM

«100 år med åttetimersdagen» var tema for ein programpost under Popvenstre 23. juni. Ole Martin Rønning, fungerande leiar ved Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek (Arbark), var historikaren blant dei tre inviterte samtaledeltakarane. Rønning valde å omtala dei aksjonane der arbeidarane «tok åttetimarsdagen» 2. mai 1918 som både «mislykka» og «illegale». Ein kunne få inntrykk av at det var spontane innfall her og der. Slik var det ikkje.

Debatt