Regjeringa tek frå oss posten bit for bit. Fyrst ein, så to dagar til utan post. For eit år sidan var det slutt med post laurdagen. Post annankvar dag skal bli det neste. Det hjelper ikkje å forklara Jensen og Solberg kva skade og problem dette fører til. Det er meininga å gjera posten dårlegare. EU-plan, sjølvsagt. Dei kallar det konkurranse.